S-33 Ledig lærarstilling ved Tysværvåg barne- og ungdomsskule
Stillinga er 100% vikariat med moglegheit for fast og gjeld frå 01.01.2022
Søknadsfrist til 01.10.2021
Beskrivelse av avdeling
Tysværvåg barne- og ungdomsskule ligg ca. 14 km frå Aksdal sentrum. T-forbindelsen gjer at Tysværvåg ligg sentralt i
regionen. Skulen har gode uteområde og eit godt skulebygg. Skulen arbeider aktivt for at elevane skal tileigne seg
kunnskap som famnar breitt, og som gjer elevane i stand til å møte samfunnet på ein god måte. Tysværskulen sin
visjon er "Læring for livsmeistring".
Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule, og har 240 elevar og 38 tilsette. Målforma er nynorsk.
Tysvær kommune har 1:1 dekning på PC eller nettbrett til alle elevane, og IKT er eitt av satsingsområda i tillegg til
vurdering for læring og grunnleggjande ferdigheiter.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i norsk, krle, gno,spes og utv/samfunnsfag i 8. klasse og innsats for andre på ungdomssteget.
- Samarbeid på trinn, i faggrupper og med føresette
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
Personlege eigenskaper
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer deg som.
- Samarbeider og kommuniserer godt
- Har eit inkluderande og positivt elevsyn
- Er nytenkande og oppteken av pedagogisk utvikling
- Er strukturert og sjølvstendig
- Har god relasjonskompetanse
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og utviklingsorientert
- Er ein tydeleg klasseleiar med evne til å bygge gode relasjonar til eleven og heimen.
Formell kompetanse:
Du må ha undervisningskompetanse for grunnskulen.
Lønnsvilkår
Løna blir fastsett etter reglane i hovudoverenskomsten etter utdanningsstatus og ansiennitet
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta