Journalist/innhaldsprodusent
Kontorfellesskapet 1724 - Vang, Valdres
Innovangsjon SA: Vi er eit bygdeutviklingsforetaket i Vang i Valdres som jobbar med næringsutvikling, bustader, møteplasser og blest med eit overordna mål om å auke folketalet i Vang kommune.
Arbeidsoppgåver: Nettsida vangivaldres.no saman med facebookside og instagramkanal er dei viktigaste kanalen ut i verda for Vang og Innovangsjon.
Vi ser etter ein person som gjennom fire sommarveker kan løfte innhaldet i desse kanalane og eventuelt introdusere Vang for verda gjennom nye kanalar.
Arbeid og prioriteringar vert styrt etter interesse og kompetanse ut frå denne foreløpige arbeidsplanen:
-Produksjon av større reportasjar til vangivaldres.no
-Redaktør for Instagramkanalen vangivaldres gjennom fire veker.
-Enkle filmproduksjonar til sosiale medium.
Du: Er kreativ og stødig på tekst og foto.
Har du erfaring frå filmproduksjon og marknadsføring gjennom sosiale medium er eit pluss.
Interesse, engasjement og kunnskap kan vera nok for å få jobben. Elles kan dette vere relevante studium; Marknadsføring, journalistikk, kommunikasjon, digitale medie, PR, film, foto, fotojournalistikk.
Praktisk: Du lyt ha førarkort og eigen pc. Det er også ein stor fordel om du har eigen bil og foto/evt. film-utstyr.
Stad: Arbeidsstad er Kontorfellesskapet 1724 i Vang, men det praktiske arbeidet vil gå føre seg rundt om i heile kommunen.
Søknadsfrist 1. mars
Arbeidsperiode: 10.06-05.07
Vil du veta meir eller søke på stillinga? Kontakt dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn hallgrim@vangivaldres.no // 412 22 769
Om bedriften
.