Sjukepleiar - heimetenesta
Org.nr.:961 821 967 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Helse og omsorg har ledig ein fast stilling for sjukepleiar i heimetenesta, ca. 80%.
Turnus med arbeid tredje kvar helg.
Arbeidsstad
Heimesjukepleie
Om heimesjukepleien
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmestring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Arbeidoppgåver er blant anna: sjukepleiarprossedyrar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen. Velferdsteknologi, saumlause tenester og oppfølging av pårørande er stikkord for 2020.
Krav til kompetanse
Autorisasjon som sjukepleiar, anna treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
Du må ha førarkort klasse B.
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
- Utviklings - og løysningsorientert.
- Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikla dei ulike fagmiljøa
- Fagleg trygg
- Likar utfordringar og sjølvstendig arbeid.
- Evna å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Lønsvilkår
Etter gjeldande lov og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 462 99 734/453 75 984
Kontaktperson
Sigrunn Stamnes Vik, Avdelingsleiar, mobil: +4795818012, sigrunn.stamnes.vik@vaksdal.kommune.no Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.