Utviklingsorientert arkivar
Org. nr: 982391490 Stillingsident: 4099431670 Presentasjon av stillingen:
Er du ein positiv, fagleg engasjert og utviklingsorinetert arkivar som likar utfordringar og tar ansvar innan eit fagområde i rask utvikling. Då kan du vere den personen vi ser etter. Arkiv/fellesteneste har sju tilsette og er ein del av administrasjonen i Lotteri- og stiftelsestilsynet. Andre oppgåver i administrasjonen er økonomi, personal, IT-drift og utvikling.
Stillinga blir lyst ut som rådgjevar.
Arbeidsoppgåver
- utgreiing av arkivfaglege problemstillingar
- oppgåver innan internkontroll
- vidareutvikling av sak- arkiv system
- prosjektarbeid
- opplæringsoppgåver
- dagleg drift
Kvalifikasjonar
- minimum bachelor i arkivvitenskap
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne
- arkivfagleg erfaring
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg engasjert og har fagleg integritet
- Du er ansvarsbevisst
- Du er innovativ og nytenkande med evne til å sjå gode løysingar
- Du er god på samarbeid og er positiv
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
- positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
- medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
- fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
- IA-bedrift
- lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.
Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Cecilie Astrup Bustad, arkivansvarleg, 97741743, cab@lottstift.no
Bjørn Morten Øen, Avdelingsdirektør, 902 06 100, bmo@lottstift.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Lotteri- og stiftelsestilsynet
Referansenummer:4099431670
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 03.07.2019
Om bedriften
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med eit viktig samfunnsoppdrag.
Vi skal vere eit av samfunnet sine viktigaste virkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no