Bibliotekar - 60 % fast - Kvinnherad bibliotek
Omtale av stillinga
Kvinnherad bibliotek er eit levande bibliotek med høg aktivitet og stor takhøgd. I 2019 vart vi kåra til årets bibliotek i Hordaland og hausten 2020 var ein splitter ny bokbuss i rute i den vidstrakte kommunen vår. Vi søkjer no ein biblotektar som vil gå inn i eit team som skal jobbe særleg med tenester til barn og unge.
Arbeidsoppgåver
- Publikumsteneste
- Aktiv formidling
- Prosjektarbeid
- Bokstart
- Bærekraftsbiblioteket
- Formidling til fleirspråklege barn og foreldre
- Samarbeid med barnebibliotekaren
- Andre biblioteksfaglege oppgåver
- Du går inn i ein turnus med kvelds- og laurdagsvakter på biblioteket og bokbussen
- Biblioteket er stadig i utvikling, så arbeidsoppgåvene kan endre seg.
Kvalifikasjonar
- Godkjent bachelor eller master i bibliotek- og informasjon.
- Førarkort klass B, og disponere eigen bil.
- Erfaring med formidling.
Personlege eigenskaper
- Trygg på å snakka framfor publikum
- God kontakt med barn og unge
- Postitiv innstilling
- Gode samrabeidsevner
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.