Lærar
Org. nr: - Stillingsident: 4191722040 Presentasjon av stillingen:
100 % stilling, vikariat i perioden 01.08.20 - 31.07.21
100 % stilling, vikariat i perioden 01.08.20 - 31.12.20 ledig for lærar/ adjunkt.
Undervisning i årsvikariatet vil vere på ungdomstrinnet, undervisning i vikariatet fram til 31.12.20 vil vere på barnetrinnet.
Ellingsøy barne- og ungdomsskole er ein 1-10 skole med 276 elevar. Skolen ligg om lag 5 minutt frå Ålesund sentrum med bil.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike fag på 8.-10. trinn/ 1.-7. trinn
- Teamsamarbeid
- Arbeid med fagfornyinga og pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid skole - heim
- Det vil ligge kontaktlæraransvar til begge stillingar
Kvalifikasjonar
- Utdanna lærar med fagkompetanse i matematikk, norsk og engelsk
- Det er ønskeleg med utdanning og/ eller erfaring frå arbeid med spesialpedagogikk
- Du er trygg på bruk av digitale arbeids- og læringsverktøy i eige arbeid og undervisning
- Det er ein fordel med erfaring med bruk av læringsbrett i undervisninga
- Du arbeider systematisk med læringsmiljø, og forstår samanhengen mellom det og god læring.
Personlege eigenskapar
- Du har høge ambisjonar på vegne av kvar einskild elev
- Du kommuniserer godt og har evne til å etablere gode relasjonar
- Du har gode samarbeidsevner og arbeider godt i team
- Du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- Du ønsker å bidra til å utvikle ein moderne skole
- Du er personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med utfordrande og varierte oppgåver
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein skole i utvikling
- Prioriterte områder er læringsmiljø, arbeid med Fagfornyinga, og bruk av læringsbrett som arbeids- og læringsverktøy
Kontaktinformasjon
Camilla Lorgen Viddal, Verksemdsleiar, 70 16 35 81
Arbeidsstad
Grønbelgvegen 4
6057 Ellingsøy
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4191722040
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2020
Sluttdato: 31.07.2021
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.