Helsefagarbeidar 84,7% fast natt - Rosendalstunet
Stillingsannonsen er inaktiv.Kvinnherad kommune
Rosendalstunet
Omtale av stillinga
Vi søkjer helsefagarbeidar i 84,7% fast stilling på natt, ved Rosendalstunet.
Nattevaktene har oppmøtestad og base ved institusjonen i Rosendal, og roterar på å vera inne på institusjonen, og ute i heimetenestene.
Rosendalstunet lokalisert i Rosendal i Kvinnherad, er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie og opptrening i ulike livsfasar.
Institusjonen var ny i Februar 2018, med seks avdelingar, - 60 plassar. Institusjonen er bygd med det siste innan velferdsteknologiske løysingar.
Stillinga har krav om turnusarbeid, med arbeid munimun kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som helsefagarbeidar.
Søkjar må ha sertifikat klasse B
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må førevisast.
Alle som vert tilsette må ta KS kurset for nytilsette i Kvinnherad kommune
Personlege eigenskaper
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Adresse
Nesvegen 51, 5470 Rosendal
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 8. oktober 2021
Hentet fra: Kvinnherad kommune
Referanse: jobb.kvinnherad.kommune.no/recruitment/opening?4106
Stillingsnummer: 17abc12e-a49e-4d22-8791-3931360be0ce