Ledige stillingar i heimetenesta
HEIMETENESTA HAR LEDIG FAST 100% STILLING SOM AVDELINGSLEIAR.
Som avdelingsleiar er du ein av tre i leiarteamet i Heimetenesta. Stillinga har dagarbeidstid med 37,5 timars veke og fleksitidsordning.
Arbeidsoppgåver:
Ansvarsområde vil i hovedsak vere fag- og personalansvar og koordinering av tenestene innan feltet Heimetenesta yter tenester.
Til dagleg fordeler dei to mellomleiarane arbeidet mellom seg og har faste ansvarsområde.
Einingsleiar er næraste overordna. Du vil arbeide tett med dei andre i leiarteamet om utvikling og utforming av tenestetilbodet.
Krav til kompetanse og kvalifikasjonar:
- du har autorisasjon/offentleg godkjenning som sjukepleiar
- relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- du kan og har lyst til å vere leiar og du har dei faglege og administrative leiareigenskapane som trengst
Personlege eigenskapar:
Du er fagleg trygg og kan bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø. Du må ha gode samarbeidsevner og kunne motivere andre i arbeid og endring. Å initiere og drive utviklingsarbeid er noko du likar, samtidig som du er trygg på deg sjølv når det gjeld evne og vilje til sjølvstendig arbeid. Du har god muntleg og skriftleg framstillingsevne.
Tilsettingsvilkår:
Du må ha førarkort kl B. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
Vi kan tilby:
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- lønn med utgangspunkt i gjeldande avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- flyttegodtgjersle i tråd med reglane i personalplanen
*****************************************************************************************************
Heimetenesta har ledig inntil 2 x 60% fast stilling som assistent i Heimetenesta
Stillinga har dagarbeidstid (37,5 t/v) med oppgåver innan praktisk bistand og personleg assistanse.
Det kan vere reinhald av bustader, tilrettelegging av mat og måltid, innkjøp o.l til brukarar som har vedtak om praktisk bistand.
Arbeidsoppgåvene er tildelt behovsvurdering og fleire av brukarane blir følgd opp i samarbeid med heimesjukepleia.
God norskkunnskap med muntleg og skrifleg framstillingsevne er nødvendig med tanke på kommunikasjon med brukar og sanarbeidspartane, samt for å kunne dokumentere.
Arbeidsoppgåver:
- utføre praktisk bistand etter vedtak, t.d reinhald
- dokumentere besøk og utført arbeid med dei verktya eininga brukar
- legge til rette for bruke av hjelpemiddel og verferdsteknologi, slik at brukarane blir mest mogleg sjølvhjulpne
Det kan bli aktuelt med andre oppgåver i eininga.
Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:
Det er ein fordel å ha erfaring med liknande typar arbeid. Du er god til å kommunisere på norsk , både skriftleg og muntleg og kunne bruke dataverkty til å dokumentere og hente informasjon.
Personlege eigenskapar og kvalitetar:
Vi ser etter deg som er motivert til å lære om som er positiv til utvikling og endring. Vi ønsker oss deg som vil bidra til det gode arbeidsmiljøet. Det er viktig at du er sjølvstendig i arbeidet, samtidig som du er ein støttespelar for dei andre på laget.
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår:
Du må ha førarkort og disponere eigen bil. Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.
Elektronisk søknadsskjema: surnadal.kommune.no, ledige stillingar
Om bedriften
Surnadal er en kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. I nord grenser den mot Halsa og Hemne, i øst mot Rindal, i sør mot Oppdal, og i sørvest mot Sunndal. Over fjorden i nordvest ligger Tingvollkommune. Administrasjonssentrumet heter Skei. https://www.surnadal.kommune.no/