Kantor i Ulstein, 100%
Org. nr: 976997093 Stillingsident: 4244972504 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ein engasjert kantor / kyrkjemusikar som kan vere med å gjere visjonen vår, Ulstein kyrkje -- saman på ferda, verkeleg for medlemmar og for alle innbyggarane i Ulstein.
Som kantor i Ulstein kan ein bygge på eit rikt kulturliv, gode samarbeidsrelasjonar med lokale musikarar og ein mangfaldig kultur for kor og allsong.
I arbeid med gudsteneste og kyrkjelege handlingar er kantoren den næraste samarbeidspartnaren til presten.
Kantoren er leiaren for kyrkjelyden sitt musikkarbeid og må også kunne handtere instrument som piano og kyrkjeorgel profesjonelt.
Kyrkjelyden driv kor, både for barn, ungdom og vaksne og kantoren har ei sentral rolle i å inspirere kora.
Det er ønskjeleg at kantoren har ei brei musikalsk kompetanse for å leie kyrkjelyden i salmessong og lovsong, både gjennom tradisjonelle og moderne, yngre musikkuttrykk. Samspel med frivillige krefter er avgjerande i dette.
Kantoren er også ein viktig ressurs i kyrkjelyden sitt arbeid med barn og ungdom.
Kantoren vil bli blir del av ein kreativ og kompetent stab, der vi er glade i arbeidet vårt og folka vi er sett til å tene. Vi arbeider sjølvstendig og i team med kvarandre og frivillige medarbeidarar. Samhandlinga mellom sokneråd, stab og utval er god, og kyrkja sitt arbeid er respektert og verdsett som ein viktig del av lokalsamfunnet. Kyrkja har godt samarbeid med mange aktive kristne lag og organisasjonar som speidar, KFUK-KFUM, KRIK, søndagsskulen og misjonsorganisasjonane.
Arbeidsoppgåvar
- Kantoren leiar soknet sitt musikk- og kulturarbeid gjennom:
- Å leie kyrkjelyden i song og musikalske uttrykk i gudsteneste, kyrkjelege handlingar, andaktar og andre samankomster
- Å drive korarbeid og fremje allsong
- Å samarbeide bredt med lokale musikkrefter
- Å ta vare på gamle tradisjonar
- Å fornye musikalske og kulturelle uttrykk
- Å rekruttere og rettleie frivillige
- Å bygge fellesskap i kyrkjelyden
- Å fremje konsertaktivitet i kyrkjerom
- Å samarbeide med frivillige organisasjonar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein kantor med god fagleg bakgrunn og kyrkjemusikalsk kvalifikasjon.
- Søkjarar med annan relevant utdanning eller bakgrunn er også velkomen til å søkje
- Det vert vist til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorer» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
Meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er egna for stillinga, og vi vi har forventningar til at kantoren har:
- Evne til å inspirere og skape songglede
- Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab, frivillige og musikalske aktørar
- Evne til å ta initiativ og å fremja kyrkja si plass i lokalsamfunnet Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel
Vi tilbyr
- Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
- Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Høve til å profilere seg som musikkar
- Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
- Orgelet i Ulstein kyrkje er eit mekanisk sløyfelade-orgel, bygd av Paul Ott i 1976.Ombygget / utvida i 2007. Setzer-anlegg for førhandsregistrering. Orgelet har i dag 19 stemmer.
- I desember 2019 fekk kyrkja eit nytt Steinway K-132 piano
- Løn etter regulativ i KA
- Pensjons- og forsikringsordninger i KLP
- Ulstein kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift
Anna
- Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
- Tiltreding i stillinga 1. januar 2021.
- Les meir om Ulstein sokn: www.ulsteinkyrkje.no
- Les meir om Ulsteinnye kyrkje: www.ulsteinnyekyrkje.no
Kontaktinformasjon
Christfried Kaul, Kyrkjeverje, 91696820
Arbeidssted
Sjøgata 59
6065 Ulsteinvik
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Ulstein kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4244972504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2020
Om bedriften
null