Kulturhusmedarbeidarar
Stryn kulturhus er lokalisert i Stryn sentrum og er ein sentral møtestad for kultur og fritidsaktivitetar i Stryn kommune. Kulturhuset har kino, kultursal og ein symjehall. Den daglege drifta handlar hovudsakleg om konferanse og utleige av møterom, kinoforestillingar og kulturarrangement, samt diverse kiosk og kaffibardrift.
Denne utlysinga gjeld mindre stillingar i ca.20% som vil inngå i turnusplan på kulturhuset med arbeid på kveld og helg. Næraste overordna er leiar av kulturhuset. Kulturhuset høyrer til under kulturavdelinga i skule- og kulturetaten.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for klargjering av kultursal, foajé og møterom i kulturhuset
- Billettsal
- Kaffibar og kiosksal
- Klargjering og køyring av kino
- Ellers anna nødvendig arbeid knytt til drift av kulturhuset
Vi oppfordrar deg som fattar interesse for stillinga om å ta kontakt med kulturhusleiar for nærare informasjon om stillinga og arbeidsplan.
Kvalifikasjonar
- God data og IKT-kompetanse
- Erfaring og/eller fagbrev frå servicebransjen er ein fordel men ikkje eit krav.
- God norskkunnskap, både skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Må kunne jobbe sjølvstendig i eit til tider hektisk miljø
- Har evne til å skape gode relasjonar
- Positiv og serviceinnstilt
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Variert arbeid i eit positivt miljø- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Kåre Bruvoll Alme , Kulturhusleiar , 94277853Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Stryn KommuneReferansenr.:4549170679
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2022
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.
Her finn du alle ledige stillingar i Stryn kommune
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Ny i Stryn? Sjå her