Pedagogisk leiar - vikariat
Sunnylven barnehage, Stranda kommune
Ringdalsvegen 21, 6218 Hellesylt
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. februar
Sunnylven barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Hellesylt, like ved Bygdetunet og brannstasjonen.
Barnehagen er godkjend for 42 plassar og har for tida 20 barn.
Våre opningstider er kl. 07.00 - 16.15.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift på avdelinga og er fagleg leiar for si avdeling.
Kvalifikasjonar
- Godkjend utdanning som barnehagelærar, evt anna relevant pedagogisk utdanning
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel
- Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
- Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Hilde Langlo Brekke, Einingsleiar, +47 46411844Arbeidsstad
Ringdalsvegen 216218 Hellesylt
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5079696909
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Hilde Langlo Brekke
Einingsleiar
+47 46411844
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
17262721-1a22-4132-a400-273390cd3f0a
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b1903470ed64871bb2ab4519404f923
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sunnylven barnehage, Stranda kommune
Sted
Hellesylt
Arbeidsgiver
Sunnylven distrikt, Stranda kommune
Sted
Hellesylt
Arbeidsgiver
Haugen Barnehage As Natur Og Friluftsliv
Sted
Kleppestø, Vestland