Stipendiatstilling i norsk
Stillingsannonsen er inaktiv.Høgskolen i Østfold
BRA veien 4, 1785 Halden
Om stillinga
Ved Fakultet for lærarutdanningar og språk er det ledig ei stipendiatstilling i norsk som andrespråk. Planlagt oppstart er 1. september 2021, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år. Stillinga er knytt til prosjektet Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN) finansiert av Norges forskningsråd.
Prosjektet er eigd av Universitetet i Bergen med Høgskolen i Østfold som samarbeidspartnar. I prosjektet skal det tilsetjast til saman to stipendiatar, ein på kvar institusjon.
Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN)
I ALAN-prosjektet vil ein studere tidleg andrespråkslæring blant vaksne innlærarar utan høgare utdanning frå heimlandet. Det overordna føremålet er å utforska korleis denne gruppa vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk i løpet av det første året med formell opplæring. For å kunne svare på det vil ein studere framveksten/utviklinga av språket innanfor tre område: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to ulike dialektområde, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.
Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, ellisiteringsoppgåver, kommunikasjonsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnlege og skriftlege andrespråksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB.
Søkjarar må føreslå eit eige ph.d.-prosjekt innanfor rammene av ALAN-tematikken og levere ein prosjektomtale som beskriver dette. Ph.d.-prosjektet må sikte mot å studere tileigning av norsk innanfor eit eller fleire av desse tre språkområda (grammatikk, vokabular, pragmatikk) blant vaksne andrespråksinnlærarar. Potensielle søkjarar kan ta kontakt for eventuell rettleiing i arbeidet med prosjektomtalen. Sjå fleire detaljar under Innsending av søknad.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innanfor norsk som andrespråk, norsk, nordisk eller lingvistikk med ei språkleg innretta oppgåve. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd seinast vårsemesteret 2021. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.
- Søkjar må normalt ha A eller B på masteroppgåva, og masteroppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng.
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha gode samarbeidsevner
- Søkjar må ha svært gode kunnskapar om og ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
- Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg
I tillegg vil følgjande erfaringar bli rekna som ein fordel:
- Erfaring med innsamling og handtering av data, særleg data frå ein andrespråkskontekst
- Erfaring med undervisning i norsk som andrespråk
- Erfaring med vurdering av munnleg eller skriftleg andrespråksproduksjon
- Erfaring frå deltaking i anna forskings- og utviklingsarbeid
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjektomtalen og strategiske omsyn som sikrar at dei to stipendiat-stillingane i prosjektet fordeler seg ulikt.
Spesielt for stipendiatstillingar
For opptak til doktorgradsprogram er det krav om mastergrad eller tilsvarande innanfor relevante disiplinar eller fagområde. Opptak til doktorgradsprogram er eit vilkår for tilsetjing som stipendiat. Endeleg plan for forskarutdanning skal vera godkjend og avtalefesta seinast tre månader etter tilsetjing. Frist for opptak til doktorgradsprogram er sett til seks månader etter tilsetjing.
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med avdelinga og prosjekt-leiinga ved tilsetjing.
Stipendiaten vil også inngå i forskarfellesskapen i ALAN-prosjektet og delta i og førebu møte, seminar, workshops og konferansar ved Høgskolen i Østfold og Universitetet i Bergen.
Tilsetjing i stillinga krev at ein hovudsakleg har sin daglege arbeidsplass ved Høgskolen i Østfold.
Vi tilbyr
- løn som 1017 stipendiat mellom kr 482 200 – 545 300. Løna di vil vere avhengig av ansienniteten du har.
- gode velferdsordningar og medlemskap i Statens pensjonskasse
- eit godt arbeidsmilø med rom for faglege utfordringar
Innsending av søknad
Søknaden skal sendast inn gjennom Jobbnorge. Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- CV
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
- Masteroppgåva
- Relevante attestar
- Prosjektomtale (inntil 5 sider), sjå nettsida til prosjektet for relevant bakgrunnsinformasjon. Prosjektomtalen skal innehalde:
- Eit kort samandrag (abstract) som samanfattar prosjektet.
- Forankring i forskingsfeltet. Korleis plasserer prosjektet seg, og korleis vil det tilføre ny kunnskap?
- Hovudmålsettingar, forskingsspørsmål og eventuelt hypotesar
- Teoretisk tilnærming og metodologi
- Tidsplan
- Litteraturliste
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste)
- Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Spørsmål om stillingen
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte dosent Ragnar Arntzen, tlf. 69608134, ragnar.arntzen@hiof.no eller førsteamanuensis Åshild Søfteland, tlf. 98473790, ashild.softeland@hiof.no.
Andre opplysningar
Høgskolen i Østfold praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følgjer opp regjeringas inkluderingsdugnad. Det betyr at vi ønskjer velkommen kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentera ein samanhengande yrkeskarriere.
Vi praktiserer meiroffentlegheit i staten. Dersom du ønskjer konfidensiell behandling av søknaden, gjer vi merksam på at opplysningar om deg likevel kan bli gjort kjent. Du vil då få informasjon om dette, jf. Offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Høgskolen i Østfold
Adresse
B R A veien 4, 1783 Halden
Hjemmeside
Om høgskolen
Høgskolen i Østfold held til i Fredrikstad og Halden – tett innpå skjergarden og flott turterreng i skog og mark, med kort veg til storbyar som Oslo og Gøteborg.
Vi er ein statleg høgskole med rundt 7500 studentar og 625 tilsette fordelte på dei to studiestadene. Høgskolen har ein brei studieportefølje som spenner over alt frå profesjonsutdanningar til kunstutdanningar, både på bachelor- og masternivå. Høgskolen arbeider med å etablera eit doktorgradsprogram innan fagområdet "Det digitale samfunnet".
Avdeling for lærarutdanning er lokalisert på studiestad Halden og har over 130 tilsette og ca. 2000 studentar. Vi utdannar lærarar til barnehage og skole, og tilbyr profesjonsutdanningar retta mot barnehage, grunnskole og vidaregåande skole.
Vi tilbyr følgjande masterstudium: barnehagepedagogikk og småbarnsvitskap, spesialpedagogikk, norsk i skolen, og dessutan grunnskolelærarutdanning 1-7 og 5-10.
Våre tilsette driv profesjonsretta forsking og er organisert i tverrfaglege forskargrupper som samarbeider med praksis- og partnarinstitusjonar i inn- og utland.
Om stillingen
Stillingstittel
Stipendiat Norsk - ALAN (2. gangs)
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 28. april 2021
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 10028586
Stillingsnummer: 16dfbf47-6dae-4a39-b421-278c5257847c