Spesialpedagog
Org. nr: - Stillingsident: 4194692867 Presentasjon av stillingen:
Det kan bli ledig 100 % fast eller mellombels stilling som spesialpedagog frå 01.08.20.
Arbeidsoppgåver
- Spesialundervisning knytt til enkeltelevar, i gruppe og klasse.
- Undervisning av heil klasse.
- Andre pedagogiske oppgåver.
- Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt opp mot ein enkeltelev.
Kvalifikasjonar
Vi søker primært ein spesialpedagog eller allmennlærar med spesialpedgogikk i fagkretsen. Personen bør ha erfaring med og kunnskap om spesialundervisning og klasseleiing.
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging ved skolen vår, noe vi vil fokusere på i rekrutteringsprosessen. Søkaren bør kunne ta ansvar for oppgåver innanfor fagutvikling eller pedagogisk utvikling.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ei spennande stilling i eit engasjert og utviklingsorientert kollegium.
Kontaktinformasjon
Hårek Sande, Verksemdsleiar/Rektor, 70 16 25 83
Arbeidsstad
Kyrkjehaugen 2
6014 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Ålesund kommune
Referansenr.:4194692867
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.