Helsefagarbeider heimetenesta Lindås/Skrenten
VIL DU VERA MED Å GJERA VÅR DRAUM TIL RØYNDOM?
"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har fem avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås og Alversund /Seim. Avdelingane samarbeider tett.
Avdeling
Avdeling Lindås har base på Lindås bu og Servicesenter og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten.
Det er ledig ein 50% fast stilling frå 01.07.19 som helsefagarbeidar. Stillingen inneber 2-delt turnus og arbeidshelg 3.kvar helg, og er for tida tilknytta Skrenten Omsorgsbustad.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta yter tenester til brukarar som bur i eigen heim eller i Skrenten omsorgsbustad. Tenestene omfattar blant anna heimesjukepleie, heimehjelp, middagsombringing og administrasjon av medisiner. Det settes krav til dokumentasjon i Profil av tenestene ein gjev. Arbeidet i heimetenesta fordrer at ein jobber tverrfagleg til beste for brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetjenesten.
Kompetansekrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar.
Sertifikat klasse B
Vi ønskjer oss ein person som:
- trivst med å arbeida sjølvstendig
- har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø
- er løysningsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Humor og humør
Søknad
Send søknad via vårt elektroniske søknadssystem.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune. Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ein av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjarar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og ope hav til høge fjellområde. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv. Regionsenteret Knarvik ligg ca 30 min med bil frå Bergen sentrum. Regionsenteret har god kollektivdekning via buss eller snøggbåt.Alver kommune har mål om å vere eit kraftsenter i regionen, og ein viktig samarbeidspart for bykommunen Bergen. Vi treng engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdrag..