ID 1902 Serviceteknikar - Eining for aktivitet og re-/habilitering
Eining for aktivitet og re/habilitering -- ein aktiv og spennande arbeidsplass. Serviceteknikar skal jobbe i team og samarbeide med ergoterapeutar, fysioterapeutar, heimebaserte tenester, koordinerande eining og andre med formidlingansvar. Mykje av arbeidet foregår i heimane til folk, og i tett dialog med innbyggjarar som har behov for hjelpemiddel. Ein samhandlar også tett med eksterne samarbeidspartar. Servicetenesta i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit aktivt, godt og tverrfaglig miljø.
Eining for aktivitet og re/habilitering har ledig 100 % fast stilling for serviceteknikar.
I stillinga skal ein vera med å leggja til rette for at fleire innbyggjarar uansett funksjonsnivå skal kunne bu lengre i heimen, og kunne oppretthalde eit aktivt og sjølvstendig liv.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Logistikk kring hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral: mottak, retur, utlevering, montering, ombyte, bestille deler, enkle reparasjonar, dokumenthandtering
- Stord Kommune har ansvar for Velferdsteknologi som mellom anna inneber montering og oppsyn med ulike tryggleiksalarmar.
- Drifte Kommunalt Hjelpemiddellager, utlevering, innlevering, reparasjoner på hjelpemiddel, oversikt over lager og dokumenthandsaming
- Planlegge og utføre Serviceoppdrag
- Ansvar for ulike driftsoppgåver i eininga
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev innan relevante tekniske fag, td elektrofag.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Må kunne nytte digitale verktøy og program i det daglige arbeidet
- Den som vert tilsett må kunne utføre praktisk arbeid av ulikt slag, og ha ei brei kompetanse innan praktisk arbeid
- Serviceteknikar må ha god fysisk helse då stillinga inneber forflytning av tunge hjelpemiddel.
- Førarkort klasse B er naudsynt
Personlege eigenskapar vert vektlagt, som evne til samarbeid, god kommunikasjon med brukarane, pårørande og kollega. Du må ha god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Me ynskjer kollega som er løysingsorientert, som likar utfordringar og kan jobbe fleksibelt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team, og kunne omgås menneskje i ulike fasar i livet på ein god måte. Du må jobbe strukturert og kunne planlegge arbeidet ut frå naudsynte prioriteringar. Du må vere interessert i å tileigne deg ny kunnskap, t.d gjennom kurs. Godt humør og positiv innstilling til arbeid og medarbeidarar er ein føresetnad.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
For nærare opplysningar ta kontakt med: Avdelingsleiar Eunike Risnes tlf: 45010444 eller einingsleiar Kristin Steinsland, tlf: 416 94 266.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.