Ferievikar legar Folgefonn DPS
Org. nr: - Stillingsident: 4468879375 Presentasjon av stillingen:
Folgefonn Distriktpsykiatrisk senter gjev behandlingstilbodd i spesialisthelsetenesta for innbyggjarar med rus og psykisk liding i opptaksområdet Ullensvang og Kvinnherad. Folgefonn DPS har idag 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med 2 stillingar for overlege i psykiatri, psykolog og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse områda:
Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar,
Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
Allmennpsykiatrisk poliklinikk.
Poliklinikken er fordelt på 2 lokasjonar, Valen og Odda. Poliklinikken har tilsatt 2 overlegar i psykiatri, lege i spesialisering, psykologspesialist, psykologar, spesialsjukepleiarar og klinisk sosionom. Det er gode samarbeidstilhøve mellom poliklinikk, ambulant eining og døgnpostar med sikte på å tilby eit heilskapleg og tverrfagleg behandlingstilbod.
Arbeidsoppgåver
- Tenester som lege ved døgnpost og poliklinikk
- Delta i utgreiing, diagnostisering og behandling i tverrfaglege team
Kvalifikasjonar
- Lege med norsk autorisasjon
- Lege med lisens - HPR nummer må skrivast i søknaden
- Medisinstudent - dokumentasjon må leverast før oppstart
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Pliktoppfyllande og nøyaktig
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Vegleiing frå erfarne overlegar
- Introduksjon og opplæring
- Møblerte hyblar for utleige er tilgjengeleg på området
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hege Lægreid Røssland, Avdelingsleiar, 53 46 64 53
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 15
5451 Valen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4468879375
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 20.06.2022
Sluttdato: 26.08.2022
Søknadsfrist: 20.02.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.