Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Org.nr.:963923511 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Førde barneskule er ein 1-7 skule med 250 elevar. 130 av elevane har SFO tilbod. Rektor leiar skule og SFO saman assisterande rektor og SFO-leiar. I SFO er det i tillegg 2 baseleiarar.
Vi har ledig 5 faste stillingar i SFO som barne-og ungdomsarbeidar/assistent:
- 2 x 40 % med arbeid kvar ettermidag i SFO. I tillegg jobbar ein fulle dagar i skulen sine feriar
- 2 x 30 % med arbeid på SFO kvar ettermiddag
- 20 % med arbeid på SFO kvar morgon frå Kl. 07.15 - 09.00
Arbeidsoppgåver:
- planlegging og gjennomføring av aktivitetar med barnegrupper, ute og inne
- rettleie og legge til rette for leik og samhandling med born
- foreldrekontakt
Vi søkjer deg som:
- har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning
- har gode samarbeidsevner
- har evne til å ta ansvar
- har evne til å arbeide både i team og sjølvstendig
- er kreativ, pliktoppfyllande, fleksibel og engasjert
- har efaring eller interesse for med barn som treng ekstra oppfølging i SFO
- kan arbeide i ein hektisk SFO kvardag med store barnegrupper, samstundes som du må kunne sjå behovet til kvart enkelt barn
- har gode norskunnskapar
Personlege eigenskapar og referansar vil bli vektlagt ved tilsetjing .
SFO har opent frå Kl 07.15 - 16.15. Arbeidstida vil variere frå Kl 12.30 - 16.15 stillingane kan aukast opp med vikartimar i skulen. I søknadsskjemaet oppgjer du kva stilling du søker på.
Menn blir oppfordra å søkje på grunn av ujamn kjønnsbalanse i eininga.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn intervju.
Vi ynskjer deg velkommen til å søkje på stillingane. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Monica Flaten, Mobil +47 95706657, Epost: monica.flaten@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.