Miljøarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4260358244 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig helgestillingar både 3.kvar og 2. kvar helg i Buteneste Nordre, som har avdelingar i dei gamle kommunane Ørskog, Skodje og Haram. Stillingane varierer frå 18 % til rundt 26 %. Vi ynskjer søkjarar som kan arbeide turnus med dag og kveldsvakter, eller langvakter. Merk i søknaden hvor du ønsker å jobbe. Stillingane er faste, med tilsetting snarast.
Butenesten Nordre gir tilrettelagte tenester for personer med nedsatt funksjonsevne. Ein tilbyr hjelp til å dekke personlege og praktiske behov, det kan være praktisk bistand, opplæring og nødvendig helsehjelp. Tenestene utformast i samarbeid med brukeren. Ein vil legge til rette for mestring og utvikling gjennom aktiv og meiningsfylt tilvære i felleskap med andre.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Være kreativ og nytenkande for å imøtekome tenestemottakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av tekniske hjelpemiddel, også velferdsteknologiske hjelpemiddel.
- Deltagelse/samhandling med pårørende/verge og andre samarbeidspartnere
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrar og lovverk.
- Fagutvikling.
- Legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev Helsefagarbeider. Andre med relevant kompetanse og erfaring kan vurderast.
- Erfaring med å jobbe tverrfaglig, og i team.
- Gjerne erfaring med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du viser initiativ, og er kreativ.
- Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Du har stor arbeidskapasitet, og er ein utprega omsorgsperson som evner å bygge gode relasjonar med tenestemottakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Du evner å skape engasjement, og har gode haldningar og moral.
Vi tilbyr
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- God opplæring og eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Kontaktinformasjon
Eirik Frøystad, Verksemdsleiar, 70 24 48 91, eirik.froystad@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Postboks 1521
6025 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4260358244
Stillingsprosent: 24%
Fast
Startdato: 24.08.2020
Søknadsfrist: 09.08.2020
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.