Ledige læreplassar frå hausten 2019
Vi ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar for å sikre god og kompetent arbeidskraft for framtida.
Frå hausten 2019 har kommunen fem ledige læreplassar:
To helsefagarbeidarar
To barne- og ungdomsarbeidarar
Ein institusjonskokk
Elevar som har bestått Vg1 og Vg2 kan søkje.
Søkjarar til læreplass må sende søknad med attester og vitnemål fra Vg1 og Vg2, samt referansar til nemnde adresse. Gje eit stutt samandrag av kven du er, og grunngje kvifor du ønskjer læreplass i vår kommune. Husk å oppgje adresse, e-postadresse og mobilnummer i søknaden.
Lærlingane blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 månader, med oppstart august/september 2019.
For meir opplysningar kontakt Irene Ekren Gundersen tlf: 61 29 36 14, irene.gundersen@vaga.kommune.no.
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjemavia kommunen sin heimeside www.vaga.kommune.no
Søknadsfrist: 01.03.19.