Praksiskoordinator for lærarutdanning med hovudvekt på barnehagelærarutdanning - st. nr. 35/2019
Jobbnorge ID: 174044
Om stillinga
Høgskulen i Volda, avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, søkjer etter praksiskoordinator til lærarutdanning i 100% vikariat frå 1.9.2019-31.7.2020 ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med relevant høgre utdanning. Det er ønskjeleg med utdanning på masternivå. Bakgrunn frå barnehage er ein fordel. Vi ønskjer ein person med gode samarbeidsevner som også kan arbeide sjølvstendig. Den som vert tilsett, må ha gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk.
Vi søkjer ein person som er systematisk, kreativ og løysingsorientert, og som har gode ferdigheiter i bruk av IKT. Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Arbeidsfelt
Hovudarbeidsområde vil vere barnehagelærarutdanning, men det kan også verte aktuelt med praksisarbeid på andre utdanningar. Stillinga vert regulert av Nasjonal rammeplan og nasjonale retningsliner.
Til stillinga som praksiskoordinator ligg ansvar for planlegging og koordinering av praksisopplæringa, og for anna sakshandsaming knytt til utdanninga. Praksiskoordinator vil ha eit tett samarbeid mot barnehagar og kommunar der studentar har praksis.
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg etter nærare avtale.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskodene ved Høgskulen i Volda: rådgivar 1434 frå kr 472 300 - 611 000.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
Søknadsfrist: 30. august 2019.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte studieleiar Elisabeth Welle, tlf. 7007 5450 eller dekan Arne Myklebust, tlf. 7007 5095/95166367.
Om avdelinga
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning tilbyr grunnskulelærarutdanning på masternivå, barnehagelærarutdanning, praktisk pedagogisk utdanning, ulike fagutdanningar og mastergradstudium i kulturmøte og skriftsspråk, samt eit omfattande vidareutdanningstilbod.
Kva er det beste med Volda?
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.