Bibliotekar
Org. nr: - Stillingsident: 4405649488 Presentasjon av stillingen:
Herøy folkebibliotek har ledig 100 % stilling som bibliotekar. Biblioteket ligg i Herøy kulturhus like ved Fosnavåg sentrum.
Biblioteket har 2,8 årsverk fordelt på tre tilsette.
Vi søkjer etter ein person som har interesse for å vere med å utvikle biblioteket og den rolla biblioteket har i Herøy kommune. Arbeidsturnus etter opningstidene på biblioteket, med arbeid tredje kvar laurdag og ein kveld per veke.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk arbeid med samlinga
- Planlegge og sette opp utstillingar
- Skrankearbeid og dagleg drift
- Delta i planlegging og besøk av skuleklasser og barnehagar
- Delta i planlegging og gjennomføring av arrangement for alle aldersgrupper
- Vere med på å marknadsføre biblioteket sine aktivitetar m.a. i sosiale media
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bibliotek- og informasjonsfag
- God digital kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Fordel med kunnskap og erfaring i bruk av sosiale media
- Kommunen nyttar nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- Evne til både å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Kunnskap om litteratur
- Kreativ
- Du er påliteleg, serviceinnstilt, fleksibel og positiv
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Lønn etter gjeldande tariff
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtalar, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til
intervju. Søkjarliste kan bli offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Anne Gerd Bjorvatn-Eneroth, Bibliotekleiar, 94885672, anne.gerd.bjorvatn-eneroth@heroy.kommune.no
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 10A
6091 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4405649488
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.08.2021
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!