ID 1956 Lærar - Hystad skule
Hystad skule ligg fint og usjenert plassert i Håvåsen i bydelen Nordbygdo i Stord kommune. Skulen har omlag 300 elevar fordelt på 1.-7. trinn.
Det er ledig 100% mellombels stilling som lærar frå snarast og ut skuleåret 22/23.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Ansvar for særskild norskopplæring (SNO) og intensiv opplæring
- Lærar vil inngå i team på 3.-4. trinn og arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vera innan intensiv opplæring og særskild norskopplæring.
Kvalifikasjonskrav:
- Godkjent lærarutdanning
- Hystad skule ynskjer ein lærar med erfaring innan dette fagfeltet, med norsk og/eller spesialpedagogikk i fagkrinsen sin. Søkjar må ha gode norskdugleikar, munnleg og skriftleg, og må vera opptatt av å skapa gode relasjonar, både til elevane, føresette og kollegaer.
- Det er ei føremon med nokre års erfaring frå undervisning i grunnskulen, men dette er ikkje eit krav.
- Nyutdanna vert også oppmoda om å søkja.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Intervju vil bli nytta i tilsettingsprosessen.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Pål Helland
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.