Sjukepleiar
Vi treng fleire sjukepleiarar og har ledige heile stillingar ved Kyrkjebø sjukeheim. Høyanger kommune er med i prosjekt legevaktpilot. Sjukepleiarar ved institusjonar og heimesjukepleien vil få ei særskilt oppgåve med legevakt på ettermiddag kvardagar og dag/ettermiddag helg og høgtid. Du får opplæring og kursing for legevaktoppgåver
Arbeidsoppgåver er ordinære sjukepleieoppgåver og vil være ein del av legevakpilot på dei aktuelle skifta.
Arbeidstid: 3.delt turnus med arbeid 3.kvar helg.
Søkjarar må ha sjukepleiarutdanning/norsk autorisasjon og førarkort kl B . Føremon med relevant praksis.
Vi ynskjer at du:
- har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
- er fleksibel og samarbeidsvillig
- har godt humørbehersker norsk skriftleg og munnleg
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter gjeldande tariff. Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.Søknad via vårt søknadssenter på www.hoyanger.kommune.no
Om bedriften
Kyrkjebø sjukeheim har 24 einerom og 12 av desse er øyremerka brukarar med diagnosen aldersdemens.