Miljøterapeut / miljøarbeidar
Org. nr: - Stillingsident: 4363632451 Presentasjon av stillingen:
Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med utviklingshemmede?
Haugen bufellesskap er eit bufellesskap for menneske med funksjonshemming. Bufellesskapet har døgnbemanning og dei tilsette har ulik fagbakgrunn.
Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheiter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.
Som medarbeider hos oss vil du bidra til at bebuarane får ei meningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, fagleg kjente metodar og etiske retningsliner. Du vil bistå dei som bur her i daglege praktiske og sosiale gjeremål.
No søkjer me etter ein ny kollega til vikariat som miljøterapeut/-arbeidar. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vikariatet er ledig fram til 28.02.22
Arbeidsoppgåver
- Yte heilskapleg pleie og fagleg omsorgstilbod til brukerane
- Yte brukerane den bistand dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar
- Målretta miljøarbeid i bustad, på dagsenter og med fritidsaktiviteter
- Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak
- Medansvarleg til å skape eit godt arbeidsmiljø Heilskapleg pleie, omsorg og behandling av brukarane
Kvalifikasjonar
- 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller norsk autorisasjon som helsefagarbeider
- Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er eit føremon
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Grunnleggande datakunnskap
- Førarkort for bil klasse B er eit føremon
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jfr. lov om helsepersonell § 20a
Personlege eigenskapar
- Engasjert og deltakande i personalgruppa
- Har evne til nytenking, er utviklings- og løysingsorientert
- Er fleksibel og evnar å jobba målretta og strukturert
- Har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheter
- Positiv til nye utfordrinag og endringar
- Ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar som sjølvstende, løysingsorientert, stå på vilje, ansvarleg og lojal vert vektlagt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 43,5 %
- Løn etter kvalifikasjonar
- Eit tverrfagleg miljø i bufellesskapet, med engasjerte kollegaer
- Eit utfordrande, godt og meiningsfult arbeidsmiljø
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som har eit inkluderande arbeidsliv
Kontaktinformasjon
Hildur Heie, Helse- og sosialsjef, 53 43 70 65, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Irene Røssland Matre, Avdelingsleder, 975 89 023, Irene.Rossland.matre@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Haugen Bufellesskap
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4363632451
Stillingsprosent: 43%
Vikar
Sluttdato: 28.02.2022
Søknadsfrist: 11.04.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.