Sjukepleiar- 100% fast stilling Rosendalstunet
Omtale av stillinga
Institusjonen Rosendalstunet har ledig 100% fast stilling for sjukepleiar, f.t. ved langtidsavdelinga.
Rosendalstunet er eit bu og rehabiltiteringssenter, lokalisert i Rosendal i Kvinnnherad. Vi er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og opptrening i ulike livsfasar.
Institusjonen var ny i Februar 2018, med seks avdelingar, - 60 plassar. Institusjonen er bygd med det siste innan velferdsteknologiske løusingar.
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar.
For stillinga er det krav om turnusarbeid, med arbeid minimum kvar 3. helg.
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
det er ønskje, men ikkje krav at søkjar har sertifikat klasse B.
Politiattest ikkje eldre enn tre månadar må førevisast.
Alle som vert tilsette må ta KS kurset for nytilsette i Kvinnherad kommune.
Personlege eigenskapar
Du må vera fleksibel og løysingsorientert
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.