Fagarbeider/assistent ved Ål ungdomsskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune
Ål ungdomsskule
Ingress
Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med ein elev med Cerebral parese (CP) grad 5.
Me søker
Det er ledig 80 % stilling som fagarbeider/assistent ved Ål ungdomsskule med tilsetting så raskt som råd og fram til 31.07.2021. Stillinga vil inngå i eit fagleg team med lærar, miljørettleiar og spes.ped.koordinator. Statped og PPT er relevante samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
Gjerne fagbrev som helsefagarbeider eller barne- og ungdomsarbeider og erfaring frå liknande arbeid.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer å tilsette ein person som har genuin interesse for barn og unge med spesielle behov for hjelp i kvardagen.
Me ynskjer at du:
- bistår med praktisk og personleg assistanse
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- har pågangsmot og engasjement
- er lojal og positiv
- er fleksibel og løysingsorientert
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Assistentar som arbeider i skulen og som fylgjer arbeidstidsavtalane for skuleverket, vil få redusert årsløn med 11 % pga. skulen sine feriar og fridagar, jf. tariffavtale.
Politiattest
Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Intervju vil bli gjennomført etter kvart som aktuelle søkjarar er registrert. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden eller levert inn tidlegare.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune
Adresse
Sundrevegen 42, 3570 Ål
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 2. desember 2020
Hentet fra: Ål kommune
Referanse: enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?0?744
Stillingsnummer: 14d21839-f1e1-4e53-a932-113ea6771b8c