ID1627 Bibliotekar -- Stord folkebibliotek.
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5411 Stord
Ved Stord folkebibliotek er det ledig fast 100 stilling som bibliotekar frå 1.1.2021. Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med 18 000 innbyggjarar. Stord er kommunikasjonssenter og regionssenter for Sunnhordland med gode samband til Bergen, Haugesund og Stavanger. Her er flyplass med daglege flygingar til Oslo. Kommunen er landfast sørover med Trekantsambandet. Skuleverket er godt utbygd med vidaregåande skular, allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning og sjukepleiarutdanning. Vidare ligg Stord sjukehus her. Stord har eit rikt kulturliv med nærare 300 organisasjonar, og det er gode vilkår for sport og friluftsliv. Stord kommune har flat struktur og er organisert i sjølvstyrte einingar med eige budsjettansvar
Stord folkebibliotek har hovudbibliotek i Stord kulturhus. I bygget er elles kino, symjehall og kulturskole. Folkebiblioteket inngår som del av ei samla ny kultureining som består av kulturtenester, kulturskule og bibliotek under leiing av ein kultursjef. I åra som kjem vil biblioteket arbeide vidare med satsing på arbeid mot barn og ungdom saman med skular og barnehagar. Ulike former for arrangement vil også være ein viktig del av verksemda.
Hovudarbeidsområde for stillinga er publikumsteneste, medieval, registrering av media og systemansvar for Bibliofil datasystem. Bibliotekaren fungerer som biblioteksjef i biblioteksjefen sitt fråvære.
Relevant bakgrunn/eigenskapar:
- Me vonar elles å få ein fleksibel kollega som kan delta i dei ulikeaktivitetane i biblioteketsom t.d. arrangement og team- og prosjektarbeid.
- Me søker ein fagutdanna bibliotekar med utdanning på minimum bachelornivå. Tidlegare røynsle frå folkebibliotek er ein føremon.
- Me søkjer deg som er positiv, initiativrik, strukturert og som har god samarbeidsevne.
Me kan tilby:
- Løn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordning
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
- Ein travel og triveleg arbeidsplass med gode kollegiale tilhøve.
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til :
Biblioteksjef Bjørnar Withbro tlf. 53 49 69 70 / 95 74 83 55
Søknadsfrist: 04.10.20
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Hamnegata 1, 5411 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 16. oktober 2020
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6331822-428219
Stillingsnummer: 1476881f-cb6e-4a97-a539-d44fcc60191d