Ansvarleg for forvaltning av kontraktar og innkjøp
Org. nr: 982019095 Stillingsident: 4281727849 Presentasjon av stillingen:
UNE søkjer etter ein person til forvaltning av kontraktar og innkjøp til avdeling for Økonomi- og planadministrasjon.
Vi søkjer etter deg som har interesse for og erfaring frå innkjøp og anskaffing.
Stillinga har ei brei kontaktflate i UNE og ei viktig rolle i vårt innkjøpssamarbeid med andre etatar.
Som offentleg etat skal UNE følgje opp dei krava som blir stilte i bl.a. i Lov og Forskrift om offentlige anskaffelser. UNE kjøper årleg inn varar og tenester for omlag 75 millionar kroner.
Forutan området for anskaffing har avdelinga ansvar for budsjett, rekneskap, lønn, dialog med og rapportering til overordna departement. Avdelinga består i dag av ni medarbeidarar.
Vi tilbyr ei spennande stilling kor du får høve til å utvikle fagområdet i samarbeid med mange dyktige kollegaer.
Arbeidsoppgaver
- Leie, planlegge og gjennomføre prosessar for anskaffing
- Følgje opp avtaler (vurdere ev. fornye opsjonar, assistere ved reklamasjonar, kontroll av lønns- og arbeidsforhold, etc.)
- Laupande juridisk rådgjeving og assistanse i konkrete saker
- Sjå til at UNE følgjer opp dei krava som blir stilte i Lov og Forskrift om offentlege anskaffelser og anna gjeldande regelverk
- Delta i nettverksmøte (DIFI og Statens innkjøpssenter) og bidra i dei tilfella kor det er aktuelt med avtalar om samkjøp.
- Vere kontaktpunkt for avtalar inngått av Statens innkjøpssenter
- Gjennomføre konkurransar, og halde ved like registeret over kontraktar i vårt KGV system (verktøy for gjennomføring av konkurransar)
- Hjelpe med andre oppgåver i avdelinga ved behov
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis juridisk eller økonomisk
- God kompetanse på og erfaring med offentlege innkjøp
- God evne til skriftleg og munnleg framstilling
- Gode datakunnskapar
Personlige egenskaper
- Fagleg og personleg integritet som grunnlag for sjølvstendig arbeid og initiativ
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Løysingsorientert, fleksibel og gjennomføringsdyktig
- Godt rusta til å handtere eit høgt aktivitetsnivå
- Strukturert, systematisk og nøyaktig
- Positiv og serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ein etat som har eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit engasjert, tverrfagleg miljø med høg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit godt tilrettelagt arbeidsmiljø i hyggjelege lokale sentralt i Oslo
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
- Fleksitid og moglegheiter for å avspasere
- Trening i arbeidstida
- Lønnsvilkår: Stillinga blir lønt som rådgivar/seniorrådgivar, kr. 470.000-780.000, avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse
- I samsvar med offentleglova kan ein søkjar offentleggjerast sjølv om han/ho har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vedkomande vil i så fall bli varsla
- Søkjarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedd om å samtykkje til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir innkalla til intervju
- Vi ber om at søknaden din går via Webcruiter som er administrasjonssystemet vårt knytt til rekruttering. Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved saman med søknad innan søknadsfristen.
Kontaktinformasjon
Petter Johansen, Avdelingsleder, 913 88 216
Arbeidssted
Stenersgaten 1 B/C
0034 Oslo
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Utlendingsnemnda
Referansenr.:4281727849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2020
Om bedriften
Utlendingsnemnda (UNE) er et uavhengig forvaltningsorgan som behandler klager over vedtak fra Utlendingsdirektoratet (UDI). Vi har ca. 235 medarbeidere og holder til i trivelige lokaler sentralt i Oslo. UNE er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Se www.une.no .
UNE er opptatt av mangfold og ønsker å være en arbeidsplass som gjenspeiler befolkningen. Vi oppfordrer derfor alle kvalifiserte kandidater til å søke, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, funksjonshemming, hull i CV'en, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Vi ønsker at alle som jobber i UNE skal kunne identifisere seg med våre verdier; pålitelighet, åpenhet og respekt.