Spesialutdanna miljøterapeutar/ miljøterapeutar
Informasjon om arbeidsstaden og stillinga
Ved Region Vest senter for foreldre og barn, avd Førde er det ledig:
- 100% vikariat som spesialutdanna miljøterapeut/ miljøterapeut frå august 2021 til august 2022
- 100 % vikariat som spesialutdanna miljøterapeut/ miljøterapeut frå snarast og i 6 månader
Begge vikariata har moglegheit for forlenging.
Stillingane er tillagt utgreiings- og behandlingsoppgåver som tilseier erfaring og kompetanse knytt til vurdering av samspel / tilknytning mellom foreldre og barn 0-5 år. Det er i hovudsak familiar med stor grad av bekymring som vert søkt inn på foreldre og barn senteret, noko som fordrar høg kompetanse og god vurderingsevne.
Senter for foreldre og barn i Førde er ein heildøgnsinstitusjon. Turnus for spesialutdanna miljøterapeut/miljøterapeut, er for tida ei seinvakt i veka (ikkje natt), og arbeid kvar 6. helg.
Senteret gir eit inntil 8 vekers utgreiingsopphald med fokus på foreldre - barn samspel, foreldra sin omsorgskompetanse og barnet si fungering.
Det vert tilbydd foreldrestøttande behandling i inntil 3/6 månader med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tiknyting mellom foreldre og barn.
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?
- Observasjon og vurdering av foreldre - barn samspel.
- Rettleiing til foreldre.
- Dokumentering og rapportskriving.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har:
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som sosionom, barnevernspedagog, eller vernepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning t.d. sjukepleiar, helsesjukepleier, førskulelærar, kan vurderast dersom ein har relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng ( barnevern, sped- og småbarn, tilknytning, psykisk helse, rus, familieterapi e.l.)
- erfaring frå arbeid innan barnevern og/eller heildøgnsinstitusjon.
- erfaring med arbeid opp mot sped- og småbarn.
Observasjonserfaring knytta til barn og samspel foreldre/barn vert vektlagt.
- Vi ynskjer at du har vidareutdanning innen barnevern, sped- og småbarn, tilknytning, psykisk helse, rus, familieterapi e.l.
- Det er ein fordel om du har erfaring med metodikk/ verktøy som er knytt opp mot utgreiings- og behandlingsarbeid med foreldre og sped- og småbarn.
- Vi ynskjer at du har rettleiingserfaring.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- har evne til å opparbeide gode relasjonar
- er god til å samarbeide og jobbe i team
- har god vurderingsevne
- kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- har god skriftleg framstillingsevne
- har positivt engasjement.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut i lønsramme 18, alt. 5 - 11, p.t. med lønn fra kr 458 900 - 555 800 pr år (ltr. 51- 62), eller 1496 klinisk barnevernpedagog, 1173 klinisk sosionom i lønsramme 18, alt. 7 - 11, p.t. kr 458 900 - 555 800 pr år (ltr. 51 - 62) eller i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar, lønsramme 15, alt. 5 -11, p.t. kr 387 900 - 526 000 pr år (ltr. 40 - 59).
- For stillingskodane 1510, 1185, 1509, 1534, 1496 og 1173 er det også krav til relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng.
- Løn og stillingskode vurderast etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Hos oss får du får ein spennande arbeidsstad med gode faglege utviklingsmoglegheiter.
- Du vert ein del av nasjonalt spisskompetansemiljø for sped- og småbarn.
Opplysningar til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til RV senter for foreldre og barn, avd Førde.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje kan bli tatt til fylgje.
Kontaktinformasjon
Avdelingsleiar Bente Kråkås tlf 46618882
Søknad med CV sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Region vest senter for foreldre og barn har tre institusjonsavdelingar for foreldre og barn 0-5 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og behandlingsplassar, Stavanger har 3 utgreiingsplassar og Førde har 3 utgreiings- og behandlingsplassar. I tillegg har senteret eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar. All bistand frå senteret er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-4, 2. ledd, og kvar kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.