LEDIGE LÆRARSTILLINGAR VED BRAKANES SKULE
Brakanes skule har ledig eit vikariat i 100 % stilling for skuleåret 2019-2020, og ei fast stilling i 60 %. Til vikariatet i 100 % stilling søkjer me lærarar som har utdanning i matematikk og naturfag, og som kan undervisa på både mellomsteget og ungdomssteget. Til den faste stillinga i 60 %, søkjer me etter spesialpedagogisk kompetanse. Arbeidet er for tida lagt til småskulen, men også andre årstrinn og arbeidsoppgåver kan verta aktuelle.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, og det vert vektlagt personlege kvalifikasjonar, erfaring og referansar frå arbeid med born med særskilde behov.
Søknadsfrist 25. mars 2019 Attestar og vitnemål, også politiattest, må leggjast fram før tilsetjing.
Søknad kan fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no, vedlagt dokumentasjon, eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no. Ein kan også senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til: Ulvik herad, Postmottak , Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik. Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Rigmor Hanssen på telefon 4000 7153 eller på rigmor.hanssen@ulvik.kommune.no, Meir informasjon om kommunen finn du på www.ulvik.kommune.no Rigmor Hanssen rektor/einingsleiar
Om bedriften
Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 130 elevar. Me har eit tett samarbeid mellom skule, kulturskule og SFO. Skulen legg vekt på god klasseleiing/læringsleiing og klassemiljøarbeid.