Ønskjer du å arbeide som PA eller BPA - assistent?
Beskrivelse
Liker du å arbeide med menneskjer?
Vi har ledig fleire mellombelse stillingar som:
Personleg assistent (PA) - til ein heimebuande mann.
Brukerstyrt personleg assistent (BPA) - til fleire brukarar.
Dei mellombelse stillingane er ledige frå snarast.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver som PA og BPA.
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa etter brukarane sine behov.
Kvalifikasjoner
- Ingen formelle krav til kompetanse blir kravd for stillingane og opplæring vil bli gitt.
- Godt humør, initiativrik, motivert, fleksibel og løysingsorientert.
- Du må ta hensyn til at arbeidsplassen er i heimen til brukar.
- Erfaring frå liknande arbeid er ein stor fordel.
- Personlege eigenskapar for stillingane vil bli tillagt stor vekt.
Vilkår
Løn som assistent.
Vi kan tilby
- Mellombels stilling i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
- Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Hjelp med å finne bustad.
Føresetnader / vilkår
- Politiattest av nyare dato er kravd for stillingane.
- Førarkort klasse B.
- Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
- Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 700 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 13 200 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.