ID 1940 Barne- og ungdomsarbeidar i vikarpool - Litlabø skule
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord, Stord
Det er oppretta ein felles vikarpool for kommunale barnehagar og skular i Stord kommune. Vikarpoolen går inn og dekkjer vikariat frå om lag 16 dagar og inntil 6 månader i kommunale barnehagar og grunnskular i Stord. Staben består av ein fagarbeidar og ein barnehagelærar som kan nyttast i barnehage, SFO og barneskule, samt fire lærarar som kan nyttast både i barne- og ungdomsskulane. Vikarpoolen vert koordinert av Litlabø skule.
Det er ledig fast 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar i vikarpoolen.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for born
- Drive leik og friluftsaktivitetar
- Bidra til å bygge gode relasjonar for born
- Legge til rette for å styrke born si sjølvkjensle og identitet
- Legge til rette for godt samarbeid med kollegaer og føresette
- Arbeide både ute og inne, i grupper eller med enkeltelevar
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til nærmaste leiar, rektor Kesia Tabita Sowerby Palmer tlf. 926 46 805.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Om stillingen
Stillingstittel
Fagarbeidar, barne- og undomsarbeidar
Antall stillinger
1
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 5. desember 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 135443a2-7926-450d-83d0-baab3ce922ba
Stillingsnummer: 135443a2-7926-450d-83d0-baab3ce922ba