Sjukepleiar, 90 % fast stilling natt, Eining heimetenester
Om eininga/avdelinga
Aukra kommune opna eit av landets mest moderne Omsorgssenter i mai 201|8. Omsorgssenteret inneheld 20 heildøgns omsorgsbustadar, aktivitetssenter, kortids- og rehabiliteringsplassar og langtidsplassar. Nattenesta er eit samarbeid med eining institusjon.
Aukra kommune søkjer etter sjukepleiar i 90 % fast stilling p.t på natt med base på Aukra omsorgssenter. Stillinga inneber at du har det sjukepleiefaglege ansvaret i kommunen på natt saman med to helsefagarbeidarar. Det vil vere ein fordel å ha vidareutdanning eller interesse for arbeid med personar med demenssjukdom, rehabilitering eller psykiske helseutfordringar.
Vi har eit tett samarbeid med institusjonstenesta og forventar at kompetanse skal nyttast på tvers av einingar. Det er
avgjerande at søkjar er fleksibel med tanke på samarbeid. Aukra kommune kan kome til å vere ein satellitt i legevaktsamarbeidet mellom fleire kommunar i Møre & Romsdal. Stilling som fagleg ansvarleg sjukepleiar på natt i Aukra kommune vil naturleg inngå som ein del av dette samarbeidet.
Velferdsteknologi er teke i bruk i Aukra omsorgssenter. I 2019 skal same teknologi takast i bruk hjå heimebuande, og det er meininga at velferdsteknologi skal takast i bruk i dei situasjonane det er funksjonelt. Teknologi gjer at fleire kan bu heime lengre , og samstundes få den hjelpa dei treng.
Vi set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å ha fokus på kvardagsmeistring hjå den einskilde. Tenestemottakar skal vere ein aktiv part, og oppleve å verte møtt på det som er viktig for seg.
Arbeidsoppgåver
- Observere, kartlegge og legge til rette for individuelle behov
- Samarbeide på tvers om tilrettelegging av tenestetilbodet
- Dokumentasjon
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Sjå moglegheiter med å ta i bruk velferdsteknologi og andre hjelpemiddel
Krav til søkar
-Fleksibel og dyktig sjukepleiar som vil vere med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod til våre innbyggjarar
-Løysningsorientert sjukepleiar som ser moglegheiter og er med på å utvikle og tilpasse tenestetilbodet med utgangspunkt
i behov og samfunnsendringar
-Innovativ sjukepleiar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga
-Sjukepleiar som verdsett god kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar, pårørande, medarbeidarar og
leiarar
Absolutte krav:
-God datakunnskap er ein føresetnad
-Du må ha autorisasjon som sjukepleier og beherske norsk språk skriftleg og munnleg
-Du må nytte nynorsk som målføre
-Du må rekne med å vere ein del av framtidig legevaktsamarbeid
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø som du er aktivt med på å skape
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har 320 årsverk fordelt på omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.