Politiførstebetjent - FEE - Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid - Avsnitt for kriminalteknikk
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for kriminalteknikk er det ledig ei stilling som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som spesialmedarbeidar. Avsnitt for kriminalteknikk har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Førde. Den utyste stillinga er stedsplassert i Førde.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Foreta kvalifisert kriminalteknisk etterforsking/åstedsarbeid
- Bistå i kriminalteknisk team i Vest politidistrikt ved behov, og spesielt ved større og alvorlege hendingar
- Bistå med rettleiing og kompetanseutvikling av andre medarbeidarar
- Bistå med kvalitetssikring av åstedsarbeid gjort i samband med PPS
- Samarbeide og gjennomføre teknisk etterforsking saman med dei krimaltekniske fagkontaktane i GDE Sogn og Fjordane
- Bistå med signalering
- Beredskapsvakter må påreknast
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Tilfredstille dei generelle krava til politibetjent 3
- Minimum 3 års arbeidserfaring innan fagfeltet kriminalteknikk
- Erfaring frå etterforsking
- God munnleg og skriftleg framføring
- God IT- og systemkunnskap
- Gjennomført kriminalteknikk, Modul 2 frå PHS eller tilsvarende blir vektlagt
- Erfaring med åstedsarbeid er ein fordel
- Kjennskap til politiet sine system er ein fordel
Utdanningsnivå
- høyskole/universitet
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder, ha god gjennomføringsevne og ha mot til å stå for eigne og overordna avgjerder
- Gode samarbeidsevner og kunne bidra til å skape samhald og eit godt arbeidsmiljø
- Evne til god kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politiførstebetjent SKO 0285 i spennet frå ltr. 61/kr. 534 100 til ltr. 64/kr. 565 500 brutto per år
- Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Nils Jarle Gjøvåg, Avsnittsleiar, 954 60 933
For spørsmål om elektronisk CV / søknad, kontakt seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Førde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201808581
Fast stilling
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3940796505&company_id=3586302400&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.