Sjukepleier
Org. nr: 964 966 842 Stillingsident: 4300225476 Presentasjon av stillingen:
Fast stilling
Eining for pleie- rehabilitering og omsorg søkjer etter: 60% fast stilling som sjukepleiar
Arbeidsoppgaver
Sjukepleierstilling i 3-delt turnus med helgearbeid.
Kvalifikasjoner
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
Personlige egenskaper
Vi ønskjer ein sjukepleiar som:
-
Stiller krav til eigne faglege ferdigheter
-
Som med engasjement og gode haldningar bidreg på ein positiv måte i arbeidsmiljøet
-
Er sjølvstendig, løysingsorientert, fleksibel og motivert
-
Taklar omstillingar og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt særskilt
Heimevakter må påreknast
Kontaktinformasjon
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse, pleie, omsorg og rehab., 41322847
Arbeidssted
Gardsvegen 68
4540 Åseral
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommune
Referansenr.:4300225476
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2020
Om bedriften
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival mange tilreisande til bygda. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.