ID 1817 Fagarbeidarar/assistentar - Kommunale grunnskular/SFO
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
Det vert ledig fleire stillingar, faste og vikariat, som fagarbeidarar og assistentar i skule og SFO frå 01.08.22.
Stillingane har varierte storleikar frå omlag 30% til 89%, og kan vera kombinasjon mellom skule og SFO.
Stillingane er ledig ved fylgjande skular:
- Rommetveit skule
- Langeland skule
- Tjødnalio skule
Det kan og verta ledig tilsvarande stillingar ved dei andre skulane. Søkjarlista vil og verta brukt til desse stillingane. Dersom du ynskjer å prioritera skular i søknaden din, skriv det inn i feltet kortfattet søknad.
Stillingsstorleiken vert redusert med eit lønstrekk på 11 %, i samsvar med gjeldande lokal/sentral avtale i høve til lengda på arbeidsåret.
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det kan verta behov for at ein deltar i symjeundervisning og kan vera ønskeleg at ein har/tek livredningskurs.
Aktuelle søkjarar kan verta kalla inn til intervju.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Dersom søkjar ønskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Fagarbeidar, assistent
Antall stillinger
8
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager
Arbeidstid
Dagtid
Sist endret: 6. juli 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: 12fed0ca-514a-4c07-aeb6-a396b0369043
Stillingsnummer: 12fed0ca-514a-4c07-aeb6-a396b0369043