ID 1495 Sjukepleiar vikarpool RHO
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Har du lyst å jobba i vikarpool i fast høg stilling innanfor rehabilitering, helse og omsorg? Stord kommune har etablert ein vikarpool med ein stab av fast tilsette (m/fagutdanning) i store stillingar som går inn og dekker vikariat i alle einingar innanfor rehabilitering, helse og omsorg (RHO).
Vikarpoolen RHO har ledig 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar.
Organisatorisk er vikarpoolen tilknytta heimebaserte tenester.
Tilsette i vikarpoolen er fast tilsett i kommunen, men vil variere arbeidsstad.
Aktuelle arbeidsplassar er m.a. institusjon, heimebaserte tenester og bufellesskap. Ein skal dekke langvarig fråvær og ein går inn i turnusen til den som er borte, så langt det let seg gjera. Døme kan vere ved lange sjukemeldingar eller medan ein venter på ei tilsetting i vakante stillingar. Dei tilsette i vikarpoolen blir fordelt jamt til dei ulike avdelingane før planlegging av ferie og høgtid.
Me har ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper. Som fast vikar vil du få ulik og unik erfaring.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert sjukepleiar
- Du må ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis, og beherske norsk både munnleg og skriftleg (ev skandinavisk)
- Du må ha førarkort kl. B
- God evne til samarbeid
- God kommunikasjonsevne
- God arbeidskapasitet og arbeidsglede
- Løysningsorientert og likar utfordringar
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Karin Toft tlf. 91570532, einingsleiar Britt S. Dalsgård tlf. 975 52 102
Søknadsfrist: 29.03.19
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 9B, 5417 Stord
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 10. april 2019
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6201516-428219
Stillingsnummer: 12d6ac14-f915-47ee-b237-08bafe3316c8