ID 765 Sjukepleiar 70 %
Ved Fitjar bu- og behandlingssenter, har me ledig 70 % fast stilling for sjukepleiar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling.
Ledig stilling er ved skjerma avdeling.
Me søkjer deg som:
· Har autorisasjon.
· Kan vise til gode samarbeidsevner.
· Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.
· Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.
· Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.
· Har gode norskkunnskapar
· Har godkjend politiattest.
· Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.
Me tilbyr:
· Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
· Årsturnus
· Løn etter tariffavtale for kommunal sektor.
· God forsikrings- og pensjonsordning.
· Opplæring og vegleiing.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.
Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg
tlf: 974 67 069. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Søknadsfrist: 20.08.22*.*