Fagkoordinator VA 100%
Vi søkjer
Eining for Vatn og Avløp søkjer etter Fagkoordinator som vil få arbeidsplass innafor ansvarsområda drikkevassforsyning og avløpsanlegg. Stillinga vil vera tilknytt Husnes driftsbase og inngår i eit team på 16 tilsette.
Omtale om stillinga
Fagkoordinator har dagleg ansvar for, og vil ivareta drift og vedlikehald av kommunens VA-anlegg og infrastruktur. I tillegg til personaloppfylging av 9 driftsoperatørar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein person med VA-fagleg bakgrunn, og med fag-/svennebrev innan røyrfag og/eller prosessfag. Men andre med lang relevant fagleg utdanning/erfaring vil og verta vurdert. Vedkomande må ha sertifikat for bil klasse B. Fylgjande erfaring vert vektlagt:
" Relevant erfaring innan vass- og avløpsanlegg.
" Erfaring frå drift av prosess anlegg, slik som vassbehandling og avløpsreinsing.
" Erfaring som arbeidsleiar.
" Erfaring frå bruk av SCADA.
" Erfaring frå GIS verktøy, fortrinnsvis Gemini VA/Portal.
" Erfaring frå bruk av elektronisk FDV-applikasjon.
" ADK-1 sertifikat.
For stillinga er det viktig å ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevne, være strukturert, systematisk og ansvarsbevisst.
Kunna jobba sjølvstendig og ha god erfaring med bruk av digitale verktøy. Den som vert tilsett må kunna beherska norsk skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar vil verta vektlagt ved tilsetting. Det er ynskjeleg at søkjar oppgjer referansar som evt. kan kontaktast. For stillinga gjeld vanlige kommunale tilsetjingsvilkår i overensstemmelse med gjeldande retningsliner.
Vi tilbyr
Vi har eit godt arbeidsmiljø og stabile arbeidstakarar. Du vil få spennande oppgåver som vert løyst i samhandling med
dyktige kollegaer i eit tverrfagleg og sosialt kompetansemiljø. Løn etter tariff.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Dette gjer du ved å klikka deg inn nedst på høgre sida. Er du intern søkjar går du inn på ledige stillingar via mi side
på intranett. Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendt vitnemål og attestar vert ikkje returnert.
Tilsetjing skjer på dei til einkvar tid gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og eit flatemål på 1.137 km2.Kvinnherad ligg ved Hardangerfjorden, der innbyggjarane har kort veg til fjord og fjell. Eining for Vatn og Avløp (16 tilsette) har ansvar for forvaltning og drift på kommunaltekniske anlegg.