Flyktningkonsulent - 100 % vikariat (kan bli fast)
Nav kontoret i Årdal har ledig 100 % vikariat som flyktningkonsulent frå snarast og fram til 31.12.2022. Stillinga kan bli fast.
Arbeidsoppgåver
- Klargering av bustader for busetting
- Praktisk oppfølging kring bruka av offentlege og kommunale tenester
- Oppfølging i introduksjonsprogrammet
- Arbeidsretta oppfølging
- Rettleiing kring utdanningsløp
- Sakshandsaming etter lov om sosiale tenester og integreringslova
Flyktningkonsulentet deltek i tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike kommuneeiningane, samarbeid med frivillige lag og organisasjonar om integreringstiltak. Det vil også vere viktig å etablere godt samarbeid med arbeidsgjevarar og næringsliv.
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer primært etter ein person med:
- høgskuleutdanning innan helse- og/eller sosialfag, pedagogikk eller samfunnsfag. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med oppfølging av personar, rettleiing og motivasjonsarbeid
- erfaring med sakshandsaming
Du må ha god skriftleg- og munnleg framstillingsevne og gode digital kunnskap.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer ein person som:
- har evne til å motivere og møte menneske med respekt
- er positiv, tek initiativ, har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- er god på samarbeid og kan dele erfaring og kompetanse
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale og kompetanse.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Du må legge fram godkjend politiattest.
Det er ynskjeleg at du har førarkort.
Me tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg engasjement og kompetansenivå.
Fleksibel arbeidstid.
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Er du ny søkjar så må du registrere deg.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord".
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.
Om bedriften
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune. Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule. På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette. Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.Velkomen til oss i Årdal!