Næringsrådgjevar i Lærdal kommune
Me har ledig
100 % stilling som næringsrådgjevar. Stillinga er plassert i rådmannen sin stab, og kontorstad er rådhuset. Næringsrådgjevar vil jobbe i eit tverrfagleg miljø og nært opp til medarbeidarar ved ulike avdelingar som landbruk, plan, klima, teknisk og kultur. Den som vert tilsett vil ha eit tett samarbeid med ordførar/politisk leiing.
Arbeidsoppgåver
- vere kontaktledd mellom næringslivet og kommunen
- profilere og marknadsføre kommunen som ein attraktiv stad
- delta aktivt i regionale næringsnettverk
- vere aktiv i samband med kommunen si satsing på grøn omstilling for næringslivet
- arrangere nettverkssamlingar lokalt
- sakshandsaming etter vedtekter for nærings- og konsesjonsfondet
- medverke for tilrettelegging av næringsareal og infrastruktur for næringslivet
- medverke i kommunale planprosessar
- vere kommunen sitt kontaktpunkt og koordinator opp mot større arrangement i Lærdal, og handsame søknader om arrangementstøtte
- vera støttespelar og yta rådgjeving til næringslivet i Lærdal t.d.:
- vera samtalepartnar ved nye idear
- gjera marknadsundersøking og sette opp forretningsplan og budsjett
- utarbeida søknad om finansiering til bank, nærings- og konsesjonsavgiftsfondet og statlege støtteordningar
Kompetansekrav
*relevant høgskule eller universitetsutdanning
*relevant arbeidserfaring
*gode evne til samarbeid og dialog
*vere strategisk og løysingsorientert
*god munnleg og skriftleg framstilingsevne
Me tilbyr
- løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP med 2 % innbetaling
- varierte og spennande arbeidsoppgåver
- kollega med høg kompetanse og tverrfaglegheit
- godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.