Ledige stillingar vikarbank i kultur og oppvekstsektoren
Det er ledig fire faste lærarstillingar i inntil 100% i nyoppretta vikarbank for grunnskulane i Vanylven kommune frå 01.08.2019.
Stillings-ID 595
Søknadsfrist: 10. mars 2019 Publisert12.02.2019 13.42 Sist endra25.02.2019 12.54 Vanylven kommune opprettar frå skuleåret 2019 -- 2020 vikarbank for grunnskulane i kommunen. Kommunen har gjennom skuleåret behov for kvalifiserte og erfarne vikarar. Dei seinare åra har det vore utfordringar med å skaffe slikt personale ved både korttids og langtidsfråvær. For å hjelpe på situasjonen ønskjer Vanylven kommune å etablere eigen vikarbank med godt kvalifiserte lærarar. Tilsette i vikarbanken blir fast tilsette i Vanylven kommune. Det vil verte lagt opp til turnusarbeid der ein i periodar kan velje mellom fri eller ekstra vikartimar. I tillegg til ordinær lærarlønn vil ein få utbetalt eit tillegg på kr. 40 000,-. Du må være innstilt på både korte og lengre periodar på skulane i kommunen.
Kommunen har tre grunnskular; Myklebust skule, Fiskå skule og Åheim skule. Meir informasjon om skulane våre finn du på heimesidene til skulane: https://www.vanylven.kommune.no/kultur-og-oppvekst/
Krav og ynskje til stillingane:
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7 eller 5-10
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- anna relevant utdanning/PPU
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Disponere eigen bil.
Vi søkjer deg som er:
- ein klar og tydelig klasseleiar
- utviklings- og løysingsorientert
- omgjengelig, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- opptatt av elevenes læringsutvikling og elevvurdering
- bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Opplysningar om stillingane får du med leiar for vikarbanken Lars Jonasmo, lars.jonasmo@vanylven.kommune.no tlf. 70030351/97501695 eller kommunalsjef Frode Vik, frode.vik@vanylven.kommune.no, tlf. 70030005/99288600.
Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven kommune kan du få nedbetalt studielån med 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare retningslinjer. Er du nyutdanna vil du også starte med 4 års ansiennitet. I tillegg har vi gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å oppgje referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.