Styrar
Presentasjon av stillingen :
Sunde barnehage treng ein styrar i 100 % fast stilling som kan føre vidare og vidareutvikle den gode barnehagen. Stillinga er ledig frå 01.08.2019.
Om Sunde barnehage og stillinga
Sunde barnehage var ny i 2009 og har 4 avdelingar. Barnehagen har ei leiing på styrar og ass.styrar i 50% stilling.
Førde kommune er organisert i 2 nivå der styrar har ansvaret for drifta i barnehagen, og rapporterer direkte til rådmann/kommunalsjef for skule og barnehage. Vi har fokus på å utvikle Førdebarnehagen som omgrep, og alle styrarane har eit felles ansvar saman med kommunalsjefen for å omsette dette i praktisk handling
Vi søker etter deg som har:
- utdanning som barnehagelærar og praksis frå barnehage
Tilleggsutdanning i leiing og administrasjon er ønskeleg og vert vektlagt ved tilsetting.
Vi ønsker at du har:
- administrativ praksis frå barnehage samt erfaring frå utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar og det å kunne syne til resultat frå arbeid med å skape eit godt utviklings- og læringsmiljø for borna og personalet vert vektlagt.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Det må leverast politiattest av nyare dato før start i stilling.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Helge Sæterdal, Tlf: +47 57612703, Mobil +47 99232021, Epost: helge.saeterdal@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.