Kommunalsjef Kultur- og samfunnsutvikling
Stillingsannonsen er inaktiv.Suldal kommune Kommunedirektøren
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Org.nr.:964 979 189 Stillingsident: 21/609 Presentasjon av stillingen :
Er du ein strategisk og samlande leiar som vil bidra til gode tenester og strategisk samfunnsutvikling i Suldal kommune? Då må du søka!
Suldal kommune søkjer etter kommunalsjef for Kultur- og samfunnsutvikling. Den nye kommunalsjefen får eit heilskapleg leiaransvar, (fag-, økonomi-, personal- og utviklingsansvar) for sitt område. Området er delt i tre einingar; Kultur, Bygdeutvikling og Teknisk drift.
I møte med store forventningar og krav til kommunen som samfunnsutviklingsaktør trengs god plan- og samfunnsfagleg interesse og eit tydeleg strategisk utviklingsfokus.
Hovudoppgåva for tenesteområdet Kultur- og samfunnsutvikling er å bidra til gode kulturopplevingar for innbyggjarar og besøkande, tilrettelegge for buområde, næringsutvikling og syte for vedlikehald av kommunale bygg/anlegg. Bygging av relasjonar og nettverk i samarbeidsregionane er også viktig.
Kommunalsjefen for Kultur- og samfunnsutvikling vil vere ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe saman med kommunalsjefane for oppvekst, helse og velferd samt økonomi og organisasjon.
I Skattkammeret Suldal dreg vi i lag. Vi samarbeidar og skapar verdiar på tvers av grenser til beste for innbyggjarar, lokalsamfunn og frivillige.
Vi ønskjer å rekruttere deg som får det beste ut av medarbeidarane dine og er utviklings- og løysingsorientert. Det vert særleg lagt vekt på gode leiareigenskapar, relasjonskompetanse og evne til å delegere ansvar og mynde.
Arbeidsoppgåver:
- Leiing og utvikling av tenesteområdet
- Medverke til samarbeid og samskaping på tvers av fagområde
- Medverke til at vi arbeider på nye og smartare måtar til beste for innbyggjarane
- Representere kommunedirektøren i politiske utval
- Utgreiingar, ansvar for kommuneplanarbeidet
- Etablere og følgje opp rutinar og system som sikrar god verksemdstyring og internkontroll
Kvalifikasjonar:
- Relevant, høgare utdanning, gjerne på masternivå
- Leiarerfaring og god rolle-, system- og organisasjonsforståing
- Innsikt i offentleg forvaltning og erfaring med å arbeide opp mot politisk system
- Evne og vilje til å halde deg oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
- Erfaring frå utgreiing/ prosjektarbeid
- Gode kommunikasjons- og formidlingsevner både munnleg og skriftleg
- Ferdigheiter og interesse for digitale verktøy
- Forståing for kulturen si rolle i samfunnet
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Har strategisk og analytisk evne
- Kan motivere og gje retning
- Ser etter handlingsrommet
- Delegerer og gjer medarbeidarane kompetente
- Kan skape lagånd og godt samarbeid
- Har interesse for å utvikle digitale tenester
Vi tilbyr
- Ei spennande leiarstilling i eit skattkammer av ein kommune!
- God pensjons- og forsikringsordning
Suldal kommune nyttar nynorsk som målform.
Søknadsfrist: 08.august -21.
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med
kommunedirektør i Suldal kommune,
Karin Dokken Austvik, mob 957 26 114.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Karin Dokken Austvik, Mobil +47 957 26 114, Epost: karin.dokken.austvik@suldal.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Suldal kommune Kommunedirektøren
Adresse
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter.
Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst det nyopna Suldal Bad.
Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 årsverk.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 8. august 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2703371dep200263_Suldal kommune Kommunedirektøren_stepstone
Stillingsnummer: 11039580-30c7-42d1-aa7e-cb7d573b3f71