Off. godkjent sjukepleiar
Org. nr: 939461450 Stillingsident: 4095265747 Presentasjon av stillingen:
I Ørsta kommune er det frå d.d. ledig 100 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar
Stillinga er plassert i seksjon Omsorg og sjukeheim, med f.t. Solkroken som arbeidsstad.
Solkroken er ei somatisk langtidsavdeling med 22 plassar. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider tett med andre faggrupper i kommunen.
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Relevant arbeidserfaring
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
- At du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
- At du kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Rekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette
Stillinga er plassert i Kap. 4 GR2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. Her kan du lese meir om Heiltidskultur i Ørsta kommune.
Om offentleg søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast
offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer
at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren
sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og
kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet
om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag
for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før
endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Ingrid Mork, Einingsleiar Solkroken, 70048842, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Ørstaheimen Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ørsta kommune
Referansenummer:4095265747
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.08.2019
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver