Vaktmeistar / Tømrar
Rehabiliteringssenteret treng ny medarbeidar sidan ein av våre solide tilsette no avsluttar arbeidet sitt ved senteret.
Me treng ein dyktig, energisk og allsidig fagperson. Det er ynskeleg å tilsetje ein person med fagbrev som tømrar og brei erfaring frå ulike fag, men også anna fagkompetanse kan vera aktuell. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til vedlikehald, ombygging og rehabilitering av bygningsmasse. I tillegg kjem vaktmeistertenester som snorydding og anna. Den tilsette vert del av ei teknisk avdeling som har ansvar for ei stor og velhalden bygningsmasse.
Senteret tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, tilsetting i tråd med tariffavtale og gode pensjonsordningar.
Oppstart i stillinga så snart som råd.
Søknadsfrist: 25. november 2021.
For meir informasjon, ta kontakt med avdelingsleiar Eivind Huso, tlf 906 16 767.
Sjå også heimesida vår https://www.rehabilitering.no
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast via https://rehabilitering.no/ledigestillingar/
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta. Hovudfokuset er døgnbasert arbeidsretta rehabilitering. Senteret ligg 800 m.o.h. i Rauland i Telemark, omgjeven av fantastisk natur som nyttast både i rehabiliteringsprosessen og av våre tilsette i fritida. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. Kjøkenet ved AiR er nyleg heilrenovert og er eit allsidig institusjonskjøken med spanande arbeidsoppgåver inkludert tilrettelagte diettar.