Spennande leiarstilling innan Logistikk
Org. nr: - Stillingsident: 4096049648 Presentasjon av stillingen:
Sjukehussektoren står framfor store krav til endring og det blir kontinuerleg gjennomført prosjekt og program som medfører investeringar og driftsomleggingar for sjukehuset. Sjukehuset har ein omfattande og kompleks logistikk, herunder også vareproduksjon. Det blir arbeidd kontinuerleg med lageroptimalisering, sporing og effektiv transportplanlegging.
Som leiar for Sentralforsyninga vil du ha ansvar for sjukehuset sitt hovedlager av ikkje-medisinske og medisinske produkt og sjukehuset sitt hovudmottak for vareleveransar. Eininga har 16 tilsette. Hovudoppgåven er å bidra til optimal lagerføring som understøtter verksemda sine behov, og presis forsyning i samhandling med andre aktørar i forsyningskjeda.
Sjukehuset er i gang med implementering av nye arbeidsprosessar innan økonomi, innkjøp og logistikk, og SAP S4 HANA er valt som IKT-system. I samband med dette er det fleire ledige stillingar. Stillingane er organiserte i Økonomi- og finansavdelinga og Drift/teknisk divisjon, og vil inngå i eit felles fagmiljø. Stillingane som er utlyste er programleiar økonomi og logistikk, leiarstilling innan logistikk (einingsleiar for Sentralforsyninga) og fleire rådgjevarar innan logistikk og innkjøp.
Stillinga rapporterer til avdelingssjef i Hospitaldrift og inngår i avdelinga si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for at eininga leverer gode og effektive tenester
- Fag-, personal- og resultatansvar for eininga
- Bidra til godt teamarbeid og samhandling
- Bidra til god implementering av nye arbeidsprosessar og SAP S/4 Hana i
eininga i samarbeid med prosjektet - Bidra til at Helse Bergen HF når sine mål
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå innan logistikk eller tilsvarende
- Leiarerfaring
- Erfaring frå lagerstyring og forsyning
- Er ein teambyggar som utviklar og involverer, og legg til rette for samarbeid på tvers
- Erfaring med å jobbe i større miljø med stadige omstillingar og endringar
- IKT-forståing og gjerne erfaring frå SAP eller andre store ERP-system innan lagerstyring
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig
- Evna til å arbeide systematisk og målretta
- Heilskapstenkjande og handlekraftig
- Inspirerande, motiverande og inkluderande
- Løsningsorientert, fokuserer på moglegheiter
- Ha sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
Vi tilbyr
- Leiar av ei etterspurt og viktig teneste i føretaket
- Engasjerte medarbeidarar
- Ei spenannde fagleg utfordring med implementering av SAP S/4 Hana
- Spennande byggeprosjekt og driftsomleggingar
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
- Bedriftsidrettslag
Kontaktinformasjon
Kari Riis, Avdelingssjef, 90156400
Arbeidsstad
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenummer:4096049648
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 02.07.2019
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.