Vernepleiar, 100 % fast, Eining institusjonstenester
Om eininga/avdelinga
Bergtun bufellesskap søker etter vernepleiar i 100% fast stilling.
Vi arbeider med utprøving av nye arbeidstidsordningar som har som målsetting å skape best mogleg kvalitet i helse og omsorg. Vi skal ha fagfolk på jobb 7 dagar i veka. Målsettinga inneber òg ein god arbeidsgjevarpolitikk med å skape heiltidskultur blant fagfolk.
Har du lyst å vere ein del av utviklinga av tenestene i Aukra?
Arbeidsoppgåver
Vi set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å fokusere på kvardagsmeistring hos den einskilde. Tenesta er tufta på målretta miljøarbeid.
Brukaren skal vere ein aktiv part så langt råd er.
Kompetansen skal nyttast ut frå bebuars behov.
Være ein aktiv part i å vurdere velferdsteknologi som tryggleiksskapande tiltak ut frå den einskilde bebuar behov.
Være ein pådrivar for å halde eit fagleg høgt nivå i avdelinga.
Opplæring og internundervisning for personalgruppa i lag med leiar og andre kollegaer.
Vi søker
Fleksible og dyktige fagfolk som vil vere med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggarar.
Fagfolk som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut i frå endringar i samfunnet.
Fagfolk som ser nytta av folk i samspel med teknologi for å trygge morgondagens Helse og Omsorg.
Fagfolk som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor.
Presise og pålitelege medarbeidarar
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø der du må gje ditt bidrag inn
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsetjingsvilkår og lønn.
Utdanningsstønad frå eige fond til etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Krav til søkar
Du må ha autorisasjon og beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
Det vert stilt krav om oppdatert politiattest ved tiltreding i stillinga.
Særskilte krav
Krav om politiattest ved tilsetting
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarliste, jfr Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har 320 årsverk fordelt på omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.