Tillkallingsvikar, Bergetippen barnehage
Om eininga/avdelinga
Bergetippen barnehage i Julsundet, på fastlandet i Aukra. Vi er nær nabo med Julsundet skule. Barnehagen har 5 avdelingar for barn i alderen 1 - 6 år. Vi tilbyr eit godt fagmiljø med fokus på kvaliteten i det pedagogiske arbeidet. Vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring, og det er vårt utgangspunkt for korleis vi møter barnet kvar dag. Satsingsområda er språk, kultur og friluftsliv.
Arbeidsoppgåver
Delta aktivt i lek og kvardagsaktivitetar saman med barn både ute og inne.
Ivareta barns behov gjennom omsorg og tryggleik.
Delta i planlegging og tilrettelegging av aktivitetar i kvardagen.
Krav til søkar
Utdanning som barne og ungdomsarbeidar og/eller erfaring frå anna pedagogisk praksis, eller anna relevant erfaring vert vurdert.
Vi ønsker deg som er positiv og engasjert og som trivest saman med barn. Du må samarbeide godt med andre, og du må kunne arbeide sjølvstendig å ta ansvar. Vi forventar høg medvit rundt arbeidet med barn.
Løysningsorientert, fleksibel og med høg grad av nærvær.
Datakunnskap og kunne gjere bruk av data som arbeidsverktøy. Må kunne norsk godt munnleg. Kommunen har nynorsk som målform
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.