Psykolog-/spesialist
Har du lyst til å jobbe med eksponeringsterapi i eit tverrfagleg miljø ?
Ved TkVestland avdeling Sør er det ledig 20% fast stilling som psykolog/psykologspesialist i tverrfagleg TOO-team. Arbeidsstad er Stord tannklinikk. Stord tannklinikk er ein klinikk med TOO team, 6 tannlegar inkludert spesialist i endodonti og to tannpleiarar. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgåver. Stillinga er ein del av tannhelsetenesta i Vestland sitt spesialisttilbod ved kompetansesenteret. I tillegg til å vere ein del av dei tverrfaglege teamet i Stord vil du jobbe i tett dialog med fagmiljøet ved Senter for Odontofobi på kompetansesenteret. Du inngår i det samla TOO-tilbodet i Vestland.
Arbeidsoppgåver
Det er to psykologar tilsett i teamet i Bergen . Alle er tilsett i TOO TkVestland. Psykologen undersøkjer pasienten sine rettar, planlegg behandlingsforløp og deltar aktivt i tverrfagleg behandling med tannhelsepersonell, eller rettleiar ved behov. Vidare har psykologen ein viktig rolle i pasientretta undervisning og kurs for tannhelsepersonell. Mogelegheit til forsking vert gitt etter nærare avtale. Tverrfaglege TOO Team får ta del på nettverkssamlingar og får opplæring og kurs innan fagfeltet.Kvalifikasjonar
Søkjarar til stillinga må vere psykolog med godkjend norsk autorisasjon.
Søkjar må ha interesse for arbeid med angstlidingar generelt og odontofobi spesielt. Kognitiv åtferdsterapi er den mest brukte metoden i tverrfaglege team. Vidare må søkjar ha erfaring med, eller interesse for arbeid med pasientar med overgreps- eller torturopplevingar.
Alle som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Den som blir tilsett må ha gode norskkunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere strukturert og ha god gjennomføringsevne.Ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ved vurdering av søkjarane vil dei personlege eigenskapane bli vektlagde, og vi ser etter ein medarbeidar som bidrar positivt til teamet.
Vi tilbyr
Stillinga blir løna av Vestland fylkeskommune etter kvalifikasjonarGode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834Arbeidsstad
Borggata 55417 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4583632247
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2022